Gold Label til NCE Matitime CleanTech

NCE Maritime CleanTech viser stoøt fram "gullmedaljene" sine

Den norske næringsklynga NCE Maritime CleanTech har blitt sertifisert med det europeiske gullmerket. Det betyr at organisasjonen, som samlar maritime bedrifter på kysten mellom Bergen og Stavanger, no er på EUs høgste nivå for velfungerande næringsklynger.

Utmerkinga kjem som følge av ei evaluering gjort av den europeiske organisasjonen ESCA. Etter nøye gjennomgang av bedriftsaktivitetar, strategiar, resultat og administrasjonen av samarbeidet, konkluderer ESCA med at NCE Maritime CleanTech representerer ei imponerande klynge av verksemder som saman bidreg til innovasjon med store internasjonale moglegheiter. Og potensialet for ytterlegare vekst for bedriftene i samarbeidet er stort.
 
- Gullstatusen heng høgt og løftar NCE Maritime CleanTech opp på eit krevjande internasjonalt nivå. Denne stadfestinga betyr også at klynga ligg fremst og representerer «neste-praksis». Det handlar om framifrå utvikling av framtidsretta berekraftige løysingar basert på den sterke maritime kompetansen me har som nasjon, seier Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør i Innovasjon Norge.
 
NCE Maritime CleanTech er den første norske næringsklynga med energieffektive og miljøvenlege løysingar som hovudagenda som får denne gullstatusen. No hamnar organisasjonen i eksklusivt selskap med andre velutvikla samarbeid i Europa og USA, på tvers av ulike næringar.
 
ESCA har mellom anna vurdert samarbeidets struktur, finansiering, strategi og tenester. For å oppnå gullstatus har NCE Maritime CleanTech fått gode resultat i målinga av 31 omfattande indikatorar.   - Me er svært stolte over klyngesamarbeidet vårt. I fjor blei me kåra til Noregs beste innovasjonsmiljø, og i dag får me stempelet som ei europeisk ”gullklynge”. Det viser at i NCE Maritime CleanTech blir det jobba på eit effektivt og høgt nivå, og saman får me fram nye løysingar og grøne forretningsmoglegheiter, seier dagleg leiar Hege Økland i NCE Maritime CleanTech.
 
- Dette er svært viktig av fleire grunnar: det viser at me har ein god struktur på samarbeidet og at involverte bedrifter aktivt deltar i spennande nytenkingsprosjekt. Men gullmerket er også særleg viktig fordi ein slik ”gullstatus” er sentralt når me no er på veg ut i den internasjonale marknaden med verdsleiande norsk miljøteknologi. Det er potensial for store klima- og miljøgevinstar i skipsfarten verda over, og teknologien vår er i front. Sertifiseringa viser også at aktivitetane i NCE Maritime CleanTech er framtidsretta, og at deltakarane utviklar konkrete løysingar som kan realiserast, seier Økland.
 
Samtidig med fleire utmerkingar og prisar har NCE Maritime CleanTech opplevd sterk vekst i talet på deltakande bedrifter. I fjor kom det heile 19 nye bedrifter med i samarbeidet som omfattar verft, energiselskap, reiarlag, underleverandørar, forskingsmiljø, offentlege aktørar og kraftselskap. 
 
Det var ein stolt styreleiar Ingve Sørfonn som møtte bedriftene som var samla til årsseminar på Stord torsdag: - Våre deltakarbedrifter er eit godt eksempel på det norske politikarar og styresmakter ønsker skal skje i industrien i ei omstillingstid, der det grøne skiftet er i fokus. Bedriftene i klynga har vist at dei er framoverlente, og dei utviklar ny teknologi som bidreg til å sikra at Noreg er i front innan berekraftige løysningar. Dei ser og det store potensialet som ligg i auka internasjonalisering av norsk næringsliv, seier Sørfonn.

  
- NCE Maritime CleanTech er no eit av fem norske klyngemiljø som så langt har oppnådd slik sertifisering på gullnivå. Det viser at me no har fått etablert eit nytt nivå på våre klyngemiljø som verkeleg kan gå fremst i omstillinga og internasjonaliseringa av norsk næringsliv, og dette gjer meg svært stolt, seier Anita Krohn Traaseth.